Jump to content

Madre de Dios-regionen

From Wikipedia
Madre de Dios
Diyuspa Mama
region
Flagg
Symbol
Land  Peru
Areal 85 300,54 km²
Folketal 141 070 (2017)[1]
Kart
Madre de Dios-regionen
11°59′S 70°35′W / 11.99°S 70.59°W / -11.99; -70.59
Kart som viser Madre de Dios-regionen.
Kart som viser Madre de Dios-regionen.
Kart som viser Madre de Dios-regionen.
Wikimedia Commons: Madre de Dios Region

Madre de Dios-regionen (quechua Diyuspa Mama suyu) er ein region i søraustlege Peru. Han har grenser mot Ucayali-regionen i vest, mot Cuzco-regionen og Puno-regionen i sørvest og sør og mot Brasil og Bolivia i aust.

Madre de Dios-regionen dekker 85 301 km² og hadde 141 070 innbyggjarar i 2017. Regionhovudstaden er Puerto Maldonado. Regionen er territorium for 18 etniske grupper[2] av indianarar, mellom anna machiguengaer.

Geografi og klima

[edit | edit source]
Refieffkart av sentrale delar av regionen med namn på dei største sideelvane til Madre de Dios

Regionen ligg mest fullstendig i lågtliggande tropisk regnskog i Amazonas, vidkjent for det store mangfald i artar. Klimaet er varmt og fuktig, med eit gjennomsnitt på 26 °C, maksimum 34 °C og minimum 21 °C . Regntida varer frå desember til mars, då kan styrtregnelvane til å svelle og får delar av elvebreidder til å bryte saman. Årleg nedbør kan vere så mykje som 3000 mm. Sørvestgrensa mot Cuzco-regionen er kjent under namnet Fitzcarrald, ei låg fjellrekkje som skil elva Madre de Dios frå Urubamba. Dei mest vektige bielvane i Madre de Dios-vassdraget er Inambari, Tambopata, Manú, Rio de Las Piedras (Tacuatimanu), Tahuamanu og Heath. Acre er sideelv til Purús, ho startar som grenseelv mellom Madre de Dios-regionen og Brasil og er dessutan vidare ei grenseelv mellom Brasil og Bolivia aust om Peru.

Kommunikasjonar

[edit | edit source]
Luekapusinar.
Foto: Arthur Chapman

Puerto Maldonado har lufthamn for rutegåande fly. Det finst ingen jernbanar i regionen. Einaste bilvegen til andre regionar som er verdt å nemne er vegen på 530 kilometer mellom Puerto Maldonado og Cuzco i Cuzco-regionen. Men vegen har så låg standard at flyruta mellom dei to byane er den mest vanlege og pålitande transportmåten. Andre vegar i regionen er ei 50 kilometer strekning mellom Puerto Maldonado og gruvebyen Laberinto, vegen mellom landsbyane Colorado ved Madre de Dios og Puerto Carlos ved Inambari og vegen mellom landsbyen Atalaya og Cuzco. Sistnemnte er totalt ca. 300 kilometer lang einfelts veg som er ubrukeleg i regntida.

Regionen har stort areal med spreidd busetnad slik at elvefara gjev beste transportvegar frå landsby til landsby. Menneskeleg aktivitet er med få unnatak lokalisert nær elvebreidder.

Naturressursar, miljø og næringsliv

[edit | edit source]

I regionen har ein registrert om lag 1230 artar av sommarfuglar, 160 artar pattedyr,[3] av dei er kjempeoteren trua og jaguaren nær trua. Meir enn 850 fugleartar,[4] kanskje over 1000[5] er registrert.

Tambopata-Candamo nasjonalpark, Manu nasjonalpark og Bahuaja Sonene naturreservat med fleire er oppretta for å verne miljøet i regionen.

Økonomien i regionen er heilt avhengig av naturprodukt og uttak av råvarer. I praksis føregår det mest ikkje fabrikkmessig produksjon eller foredling. Hovudprodukta frå jordbruket er bomull, kaffi, sukkerrøyr, kakaobønner, paranøtter og palmeolje.

Den andre store næringsvegen i regionen er gullgraving, hovudsakleg avgrensa av vasking ved elvebreiddene av Inambari og Madre de Dios. Slik verksemd vil vanlegvis nytte flytande kvikksølv for å trekke ut gullpartiklar frå elveslammet og kan dermed skade miljøet og innebere eit helseproblem for folkesetnaden. Gullgravarane rører ofte kvikksølvet med berre hender. Dei brenn kvikksølvet for å reinske gullpartiklane, når kvikksølvet er over i dampform vil det ureine økosystema.

I den søraustlege delen av regionen er det meste av arealet som ikkje er verna av dei tre nasjonalparkane lagt ut til petroleumsverksemd.[6] Andre miljøutfordringar i regionen er dei jordbruket skaper med fortrenging av naturleg skog, ulovleg selektiv skogshogst, spesielt etter mahogni, og ulovleg jakt på trua artar som til dømes kjempeoter, amazonskjelpadde, kaiman og aper, og arapapegøyar som kjæledyr.

Galleri

[edit | edit source]

Politisk inndeling

[edit | edit source]

Regionen er delt inn i 3 provinsar som igjen er delt inn i til saman 11 distrikt. Liste av namn på provinsane med provinshovudstadnamn i parentes:

  1. Manu (Manu)
  2. Tahuamanu (Iñapari)
  3. Tambopata (Puerto Maldonado)

Kjelder

[edit | edit source]

Andre kjelder:

Bakgrunnsstoff

[edit | edit source]
Commons har multimedium som gjeld: Madre de Dios-regionen